Sander Smørdal
17.12.1985
Bergensvømmerne
Oppdatering etter Las Palmas (ny 21/02/05)
Uffattelig dårlig vær, og uffattelig bra trening. Det summerer opp leiren for min del (og for dei fleste andre, har eg inntrykk av). Har aldri trent hardare, eller bedre enn no, og har i alle fall aldri hatt den aerobe formen eg har no og då er det berre å gjere det riktige anaerobt fram mot NM så er eg der eg skal vere.
Er ganske sliten etter leiren, har hatt ei enorm stigning i trening dei siste åra tross alt, men med masse kvile så skal nok overskuddet komme. Deilig å vite at eg aldri har trent bedre i alle fall, og om eg ikkje får betalt for det under NM så får eg igjen for det seinare uansett! Gleder meg til NM, sjå folket igjen og forhåpentligvis lage litt bølger i bassenget!
Tren bra!
Hilsen Sander
Presentasjon (ny 09/02/05)
Hei!
Mitt navn er då Sander Smørdal. Er heilt ny på landslaget, etter at eg klarte kravet på 100 fri under nordsjøstevnet, eit stevne som gjekk heilt etter oppskrifta for meg. Det var den første store testen etter at eg meldte overgang til Bergensvømmerne og moderklubben Arna i haust.
Tidlegare svømte eg for Eid Symjeklubb. Treningsopplegget var nok ikkje heilt ideelt heime på Eid. Eg trente på program frå trenaren i Aalesunds svømme og livredningsklubb (for øvrig en klubb med stor framgang siste åra), Johnny Møller, og kvaliteten på sjølve treningane var nok ikkje noko å sei på. Etter at dette samarbeidet begynte, gjekk utviklinga mi berre ein veg. Problemet var dog å få nok tid i vatn. Det seier seg sjølv at når eg for to år sida plaska i
bassenget 3 gongar i veka, var det vanskelig å få til noko stort. Takka vere tålmodige og hjelpsame foreldre lot det seg dog gjere å prestere greit, og eg vart kvalifisert for senior-NM i Bergen 2003, mitt første seniorNM. (Langbane NM i trondheim 2002 var mitt første NM).
Ting begynte virkelig å skje når eg påska i 2003 fekk tilbod om å vere med Bergensvømmerne på leir. Det gjekk overraskande bra, og den aerobe basisen eg då kunne bygge opp, som eg aldri tidlegare har vert i nærheten av, hjalp meg stort – og eg tok store steg mot norgestoppen på juniorsida. Eg blei med BS på leir igjen før NM på Hamar, eit NM som blei mitt gjennombrudd. Eit gull blei det på 50 meter, og i tillegg to sølv på 100 og 200. Større treningsmengder og meir meter nytter!!!!!!
Eg auka treningane heime til 5 gonger i veka (klubben sleit med dyr halleige), mens eg fullførte vgs. Framgangen fortsatte, toppa med ein fjerdeplass på 50 fri under senior NM i harstad kun 8 hundredel frå sølvet, og eg var med på fleire leirar med BS, heilt fram til eg i haust flytta til Bergen. Treningsmengda blei kraftig auka (9 bassengøkter + 2 alternative økter) og på nordsjøstevnet kom resultata som ein konsekvens. To av svømmeøktene trener eg sammen med Arna, under veiledning av Anders “Diesel” Dahl. Perfekt for en crawlsvømmar som meg! Veldig fornøgd med ordninga eg har fått, og føler treningane i Arna er et nyttig avbrekk frå dei vanlige treningane med BS.
Gleder meg til fortsettelsen med fortsatt økte treningsmengder, og større kvalitet på treningane, og muligheten til å trene med landslaget og dei gode svømmerane der.
World Cup (ny 09/02/05)
Har aldri vert bedre trent, i alle fall aerobt, enn no. Det førte også til at eg fekk rimelig bra resultat for min del under World Cup, til tross for at eg skal være rimelig tung. Sjølvsagt ingenting som skaper dei største overskriftene, men for min del er det godt å vite at eg er på riktig veg.
Til tross for ein nølande start, med ein dårlig 100 fri i Stockholm blei det eit bra stevne. Pers med eit sekund på 200 var over all forventning i den treningsperioden eg er i no, men det viser at utholdenheten er blitt vesentlig bedre enn berre sida i november. Ein framgang på 5 sekund på 200, berre sida eg begynte i Bergensvømmerne i haust er meget bra. 50 meter var også rimelig bra, kun under Nordsjøstevnet eg har svømt fortare enn i Stockholm.
I Berlin var det ein vesentlig betre 100 meter, ei tid som går inn på topp 3 hundremetera eg har hatt nokosinne. Ei litt for optimistisk opning på 200 førte til ei viss stivning, men likevel den nest beste tida nokosinne. 50 var også ok, 5 hundredel saktare enn i Stockholm.
Dette var min første tur med landslaget, og det er berre en ting å sei:
ARTIG!!